Tango for mange

Også i år blei Disen-seminaret – det årlege helgeseminaret vi har saman med Disen strings – ein stor suksess!

Denne helga, 25. og 26. november, stod det tango på plakanten. Med Mari Bølgen Halvorsen som instruktør – i tillegg til vår eigen tango-spesialist Steinar Haugerud, fekk dei unge strykarane ei herleg innføring i denne mangeslungne sjangeret. Dei lærte at tango kan vere så mangt – men alle tangoar har ein ting til felles: Dei handlar om å sakne noko.

Ein ting vi ikkje sakna denne helga var speleglede.

Vi takkar Sparebankstiftelsen for økonomisk støtte til å gjennomføre helgeseminaret. Og så takkar vi også dei herlege instruktørane våre for å gjere dette mogleg. Stor takk også til alle foreldre som har stilt opp som vakter, kakebakarar, riggarar og meire til.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *