Jublande godt nytt frå OBOS

Det var med stor glede vi opna ein veldig hyggeleg e-post frå OBOS no nyleg:

«Det vises til mottatt søknad om tilskudd fra ordningen OBOS gir tilbake, med søknadsfrist 15. februar. Søknaden er behandlet og det er besluttet å støtte GREFSEN SKOLES STRYKEORKESTER med et engangsbeløp på 25 000 kroner.«

Pengane går til nye strenger, bogar, skulderstøtter, harpiks og fiolinkasser.

Ta kontakt med Nina om du skulle ha bruk for noko nytt av det eine eller andre!

Takk, OBOS!

Musikk på Majorstuen Skole

Oslo kommune ønsker å gjøre tilbudet om Oslo-skolens talent- og spesialtilbud, Musikk på Majorstuen skole (M@M), kjent for alle barn i Oslo som er spesielt interessert i musikk. Se under for mer informasjon om søknadsfrist. Nina er lærer på dette tilbudet og kan svare på evtuelle spørsmål.

Les gjerne meir på plakaten under – eller på denne linken:

https://www.barrattdue.no/musikk-pa-majorstuen/

Tango for mange

Også i år blei Disen-seminaret – det årlege helgeseminaret vi har saman med Disen strings – ein stor suksess!

Denne helga, 25. og 26. november, stod det tango på plakanten. Med Mari Bølgen Halvorsen som instruktør – i tillegg til vår eigen tango-spesialist Steinar Haugerud, fekk dei unge strykarane ei herleg innføring i denne mangeslungne sjangeret. Dei lærte at tango kan vere så mangt – men alle tangoar har ein ting til felles: Dei handlar om å sakne noko.

Ein ting vi ikkje sakna denne helga var speleglede.

Vi takkar Sparebankstiftelsen for økonomisk støtte til å gjennomføre helgeseminaret. Og så takkar vi også dei herlege instruktørane våre for å gjere dette mogleg. Stor takk også til alle foreldre som har stilt opp som vakter, kakebakarar, riggarar og meire til.